Fem generasjonar på havet
Eidesvik Havfiske er i dag eit moderne sjømatkonsern, bygd på fem generasjonar med djuptgåande kystkultur frå Bømlo. Heilt sidan 1800-talet har evna til å omstille seg, ta modige val og satse på ny teknologi vore den viktigaste drivkrafta vår. I dag er me over 80 medarbeidarar som kvar dag arbeider for at verdiane me haustar og skapar på havet skal sikre livskraft i lokalsamfunnet vårt i generasjonar framover.
1800-talet – Røtene på Bømlo
Fiskartradisjonen vår byrja med Simon Larsen, som busette seg i Eidesvik og tok dette etternamnet. Sonen Lauritz (andre generasjon) dreiv arven vidare som aktiv fiskar med småbåtar og landnot.
1929 – Grunnsteinen blir lagt
Den eigentlege starten på reiarlaget kom då tredje generasjon, brørne Mathias og Simon, kjøpte fiskeskøyta «Magne». Utover hundreåret etablerte dei Eidesvik som ei solid kraft i kystflåten.
1960- og 70-talet – Nye farvatn
Fjerde generasjon, ved Magne og Bernt Arne, tok over roret. Dette var eit tiår med stort pågangsmot og ekspansjon i fiskeriet, før dei på 80-talet òg tok eit framtidsretta steg inn i offshore-næringa.
1980-talet – Steget inn i havbruk
Selskapet såg nye moglegheiter langs kysten og etablerte Eidesvik Settefisk i 1986. Trass i krevjande tider i laksemarknaden, satsa me vidare, sikra matfiskkonsesjonar i Ryfylke og utvida drifta.
1990-talet – Femte generasjon tar roret
Brørne Lars Magne, Mathias, Celius og Einar tok opp att familietradisjonen på havet. Kjøpet av den første «Elisabeth» i 1995 markerte ei ny, offensiv satsing, og i 1999 overtok dei òg heile oppdrettsverksemda.
2000-talet – Samla for vekst
Tøffe tider i bransjen førte til eit strategisk vegval: Ei felles, langsiktig satsing på både fiskeri og oppdrett. Generasjonsskiftet blei fullført, og ein ny konsernstruktur rusta selskapet for framtida.
I dag – Frå hav til bord I dag står selskapet støtt på to sterke bein: Ein moderne, fornya fiskeflåte og ein robust oppdrettsproduksjon med anlegg på Bømlo og i Ryfylke. Saman med investeringar i eigen bløggebåt og lakseslakteri, gjer dette at me no er sterkt til stades heile vegen frå hav til middagsbord.
Tidslinje med meir detaljerte årstal/milepålar/bilde???