Me har konsesjonar for fiske etter nordsjøsild, NVG-sild, makrell, kolmule, hestmakrell, brisling og lodde. Fisket skjer med dei tre havgåande fiskefartøya våre, og føregår i Nordsjøen, vest av Irland, Norskehavet, Barentshavet og ved Island.
M/S Bømmelfjord
M/S Bømmelfjord er ein fullstrukturert snurpetrålar bygd i 2003. Fartøyet er 68,8 meter langt, og har ein lastekapasitet på 2046 BT.
M/S Elisabeth er ein effektiv ringnotsnurpar på 60,9 meter, bygd i 1994, med ein lastekapasitet på 1099 BT. Båten har eit mannskap på 10 personar under fiske, og har per i dag 641 basistonn.