Med fleksible fartøy, stor dekkskapasitet og erfarne mannskap, leverer me trygge operasjonar:
- Geotekniske botnprøvar – prøvetaking av havbotn ned til over 2000 meters djupne. Eiga hydraulisk prøvetakarklokke sikrar trygg handtering sjølv i tøft vêr.
- Målebøyer for havobservasjon – utsett, opptak og vedlikehald av store målebøyer på djupt vatn.
- Sonar og kartlegging – kartlegging av havbotnen med «side-scan sonar», lokaliseringsoppdrag, mindre ROV-operasjonar og akustiske undersøkingar.
Både M/S Elisabeth og M/S Bømmelbas eignar seg godt til offshore- og surveyoppdrag. Fartøya har stor dekkplass, kraftige kraner, USBL-posisjonering og thrusterar som held båtane i posisjon. Dekksoperasjonane blir utførte av det faste mannskapet vårt, som har lang erfaring frå krevjande operasjonar til sjøs.
Gjennom dotterselskapet vårt Eidesvik Atlantic eig Eidesvik Havfiske òg ein tredel av fleirbruksfartøyet Ross Eagle, som blir operert og bemanna av Bømlo-reiarlaget Eagle Offshore.