Skånsam og effektiv slakting og pakking
Eidesvik Havfiske er medeigar i lakseslakteriet Hardanger Seafood i Langevåg på Bømlo, saman med Lingalaks, Tombre og Fylkesnes Fisk. Dette gir oss full kontroll på kvaliteten gjennom heile verdikjeda.
Anlegget nyttar det nyaste innan slakteteknologi og har ein kapasitet på om lag 200 tonn ferdig pakka fisk per skift. Unik fleksibilitet gjer at anlegget kan ta imot laks frå brønnbåt, ventemerd, eller ferdig bløgga fisk frå prosessfartøy som «Fonnalaks» – som me òg er medeigar i.
Akkurat som ute på matfiskanlegga våre, stiller me dei strengaste krav til hygiene, fiskevelferd, tryggleik og miljø i slakteriet. Hardanger Seafood er sertifisert etter tunge internasjonale standardar som BRC Global Standard, GlobalG.A.P. og ASC Chain of Custody. Under pakkemerket VL-59 fører slakteriet vidare tradisjonen frå tidlegare Espevær Laks og leverer eit trygt og kvalitetssikra produkt frå Bømlo.