Behandling av personopplysningar i Eidesvik Havfiske AS
Når du brukar nettsida vår og/eller er i kontakt med oss, vil Eidesvik Havfiske AS behandle personopplysningar om deg. Me er opptatt av å handtere dine personopplysningar på ein trygg og sikker måte, i tråd med gjeldande regelverk.
Gjeldande regelverk inkluderer, men er ikkje avgrensa til, Forordning (EU) 2016/679 («GDPR»), personopplysningslova og tilhøyrande forskrifter.
Nedanfor finn du derfor informasjon om personopplysningar som blir samla inn, kvifor me gjer dette og dine rettar knytte til behandlinga av personopplysningane.
Behandlingsansvarleg for personopplysningane me behandlar er Eidesvik Havfiske AS ved dagleg leiar Lars Magne Eidsvik. Kontaktinformasjonen til Eidesvik Havfiske AS er:
Adresse: Eidesvikvegen 63, 5443 Bømlo
E-post: larsmagne@ehav.no
Telefon: 53 44 78 00
Organisasjonsnr.: 998 901 685
For spørsmål du måtte ha om vår behandling av dine personopplysningar kan du kontakte Eidesvik Havfiske v/ Aina Helen Eidesvik, på tlf. 53 44 78 00 eller e-post ainahelen@eidesvikhavfiske.no
1. Kvifor samlar me inn personopplysningar og kva slags informasjon samlar me inn
Me samlar inn og brukar dine personopplysningar til ulike formål ,avhengig av kven du er og korleis me kjem i kontakt med deg. Me samlar inn følgjande personopplysningar til formåla gitt her:
- Å svare på førespurnader som kjem inn til oss: Namn, telefonnummer, e-postadresse og eventuelle personopplysningar som måtte følge av førespurnaden. Behandlinga av personopplysningar skjer på grunnlag av ei interesseavveging (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f). Me har vurdert det slik at dette ofte er nødvendig for oss for å hjelpe deg med det du lurer på.
- Lagring/oppbevaring av saksdokument: Me oppbevarer saksdokument i saksbehandlingssystemet vårt medan saka pågår. Behandlinga av personopplysningar skjer på grunnlag av ei interesseavveging (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f).
- Kunnskapsforvaltning: Me vil kunne bruke dokument som me har laga for kundar i samband med andre oppdrag eller anna intern kunnskapsforvaltning om igjen. Normalt vil det ikkje finnast personopplysningar i dokument som blir gjenbrukte, men dersom det gjer det, vil alt bli grundig anonymisert før det blir brukt til andre formål. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging) for dei tilfella der det inngår personopplysningar i dei dokumenta som blir brukte om igjen.
- Fakturering: Kontaktinformasjon som er motteken frå bedriftskundar blir brukt for å merke fakturaer som blir sende til verksemda om kunden ber om dette. For privatkundar blir den private postadressa til personane brukt for utsending av faktura. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav f (interesseavveging) for bedriftskundar og GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav b (nødvendig for å oppfylle avtalen med den registrerte) for privatkundar.
- Å sende ut marknadsføring, nyheitsbrev og gi informasjon om verksemda vår: E-postadresse. Behandlinga skjer på grunnlag av avtale med deg, jf. marknadsføringslova § 15(1) og GDPR artikkel 6 nr. 1 a.
- IT-drift og tryggleik: Personopplysningar som er lagra i våre IT-system vil kunne vere tilgjengelege for oss eller for våre leverandørar i samband med oppdateringar av system, implementering eller oppfølging av tryggleikstiltak, feilretting eller anna vedlikehald. Behandlingsgrunnlaget er GDPR artikkel 6 nr. 1 f (interesseavveging), og vår rettslege plikt til å ha tilfredsstillande informasjonstryggleik, jf. GDPR artiklane 32 og 6 nr. 1 bokstav c.
- Rekruttering til nye stillingar hos oss: CV, søknad, attestar og referansar. Behandling av personopplysningar skjer på grunnlag av samtykke som du har gitt (GDPR artikkel 6 nr. 1 bokstav a).
- Nettsidene våre brukar ikkje informasjonskapslar (cookies).
2. Utlevering av personopplysningar til andre
Me gir ikkje personopplysningane dine vidare til andre med mindre det ligg føre eit lovleg grunnlag for slik utlevering. Eksempel på slikt grunnlag vil typisk vere ein avtale med deg eller eit lovgrunnlag som pålegg oss å gi ut informasjonen.
Eidesvik Havfiske AS brukar databehandlarar til å samle inn, lagre eller på annan måte behandle personopplysningar på våre vegner. I slike tilfelle har me inngått avtalar for å ta vare på informasjonstryggleiken i alle ledd av behandlinga. Me nyttar oss av følgjande databehandlarar per i dag:
- Zpirit AS
- Maritech rekneskapsprogram
- Harmoni lønnsprogram
Våre leverandørar av IT-tenester vil kunne ha tilgang til personopplysningar dersom personopplysningar er lagra hos leverandøren eller på annan måte er tilgjengelege for leverandøren i samsvar med kontrakt med oss. Leverandøren opptrer i samsvar med databehandlaravtalen og under vår instruks. Leverandøren kan berre nytte personopplysningane for dei formåla me har bestemt og som er skildra i denne personvernerklæringa. All behandling av personopplysningar som me gjer, skjer i all hovudsak innanfor EU/EØS-området.
3. Tryggleik
Me har etablert prosedyrar for å handtere personopplysningar på ein sikker måte. Tiltaka er både av teknisk og organisatorisk art. Me gjer jamlege vurderingar av tryggleiken i alle sentrale system som blir brukt for handtering av personopplysningar, og det er inngått avtalar som pålegg leverandørane av slike system å sørge for tilfredsstillande informasjonstryggleik. Tilgang til personopplysningar er avgrensa til personell som har behov for tilgang for å utføre oppgåvene sine. Me legg til grunn at kundar og andre som tek kontakt med oss aksepterer kommunikasjon pr. e-post, trass i at dette ikkje er ein sikker kommunikasjonsmåte og at informasjon kan forsvinne, kome på avvegar mv. Dersom det ikkje er ønskjeleg at me kommuniserer pr. e-post, ber me om tilbakemelding så snart som mogleg. Kommunikasjon av sensitive personopplysningar blir kryptert.
4. Lagringstid
Me lagrar dine personopplysningar hos oss så lenge det er nødvendig for det formålet personopplysningane blei samla inn for.
Dette betyr for eksempel at personopplysningar som me behandlar på grunnlag av ditt samtykke, blir sletta viss du trekker samtykket ditt. Personopplysningar me behandlar for å oppfylle ein avtale med deg, blir sletta når avtalen er oppfylt og alle plikter som følgjer av avtaleforholdet er oppfylte.
5. Dine rettar når me behandlar personopplysningar om deg
Du har rett til å krevje innsyn, retting eller sletting av personopplysningane me behandlar om deg. Du har vidare rett til å krevje avgrensa behandling, protestere mot behandlinga og krevje rett til dataportabilitet. Du kan lese meir om innhaldet i desse rettane på nettsidene til Datatilsynet: www.datatilsynet.no.
Alle førespurnader som gjeld utøving av dine rettar vil bli gjenstand for individuell behandling. Me vil svare på din førespurnad til oss så fort som mogleg, og seinast innan 30 dagar.
Me kan kome til å be deg om å stadfeste identiteten din eller å gi opp ytterlegare informasjon før me lèt deg ta i bruk rettane dine overfor oss. Dette gjer me for å vere sikre på at me berre gir tilgang til dine personopplysningar til deg – og ikkje nokon som gir seg ut for å vere deg.
Du kan til ei kvar tid trekkje tilbake samtykket ditt for behandling av personopplysningar hos oss.
6. Klager
Dersom du meiner at vår behandling av personopplysningar ikkje samsvarar med det me har skildra her, eller at me på andre måtar bryt personvernlovgivinga, så kan du klage til Datatilsynet. Me oppmodar deg likevel til å ta opp saka med oss først.
Du finn informasjon om korleis du kontaktar Datatilsynet på nettsidene til Datatilsynet: www.datatilsynet.no.
7. Endringar
Viss det skulle skje endringar av tenestene våre eller endringar i regelverket om behandling av personopplysningar, kan det medføre forandring i informasjonen du har fått her. Viss me har dine kontaktopplysningar, vil me gjere deg merksam på desse forandringane. Elles vil oppdatert informasjon alltid finnast lett tilgjengeleg på nettsida vår.
Siste versjon av vår personvernerklæring skal alltid vere tilgjengeleg i administrasjonen til selskapet.
8. Kontakt oss
Dersom du har spørsmål om personvern eller ønskjer å utøve nokon av rettane som er skildra i erklæringa til Eidesvik Havfiske, kan du ta kontakt med:
Aina Helen Eidesvik, telefon: 53 44 78 00, e-post: ainahelen@eidesvikhavfiske.no