Fiskeri

Me har konsesjonar for fiske etter nordsjøsild, NVG-sild, makrell, kolmule, hestmakrell, brisling og lodde. Fisket skjer med dei tre havgåande fiskefartøya våre, og føregår i Nordsjøen, vest av Irland, Norskehavet, Barentshavet og ved Island.

M/S Elisabeth er ein effektiv ringnotsnurpar på 60,9 meter, bygd i 1994, med ein lastekapasitet på 1099 BT.

M/S Bømmelfjord er ein fullstrukturert snurpetrålar bygd i 2003. Fartøyet er 68,8 meter langt, og har ein lastekapasitet på 2046 BT.

M/S Bømmelbas er ein 62 meter lang fullstrukturert snurpetrålar. Båten blei bygd i 2000 og har ein lastekapasitet på 1200 BT.

Her er ein video med glimt frå fiskeriverksemda vår.