Matfisk

Lakseproduksjon med straum frå land

Eidesvik Laks har 4,5 matfiskkonsesjonar fordelt på fire lokalitetar i Ryfylke. Totalt produserer me om lag 6000 tonn laks i desse anlegga.

Me har eit sterkt fokus på fiskevelferd og driv kontinuerleg med forbetring av anlegg og utstyr. Miljøvennleg drift er viktig for oss, og derfor har me fasa ut dieselaggregata og elektrifisert alle lokalitetane våre med rein landstraum.

Matfiskproduksjonen i Ryfylke er òg sertifisert i tråd med GlobalG.A.P.-standarden. Dette kvalitetsstempelet viser at me oppfyller strenge krav til kvalitet, miljøutslepp, fiskevelferd og tryggleiken og helsa til medarbeidarane våre – ein standard som også er svært ettertrakta blant kundane.