Respekt for menneskerettar og anstendige arbeidsforhold – retningslinjer

Slik jobbar me for å etterleve internasjonalt anerkjende menneskerettar og arbeidsrettar i heile verdikjeda vår.

Eidesvik Havfiske med våre underselskap, som hovudsakleg er innan fiskeri og oppdrett, ønsker å utføra arbeidet vårt sikkert og med høg kvalitet. Dette inneber at me respekterer og vil etterleve internasjonalt anerkjende menneskerettar og arbeidsrettar i heile verksemda og verdikjeda vår.

Verkeområde

Retningslinjene beskriv forventningar, plikter og respekt for menneskerettar for Eidesvik Havfiske sine styremedlemmer og tilsette.

Me oppmodar også dei tilknytte selskapa våre til å følge retningslinjene våre. Leverandørar og samarbeidspartnarar skal gjere seg kjende med retningslinjene og overhalde pliktene på dei områda dei kjem i kontakt med.

Dei sist oppdaterte retningslinjene skal til ei kvar tid vere tilgjengelege på nettsidene våre.

Samhandling

Me er underlagde internasjonale sertifiseringar som oppfyller krav som omfattar menneskerettar og anstendige arbeidsforhold. Sertifiseringane krev jamlege internrevisjonar og eksternrevisjonar av myndigheiter eller akkrediterte selskap. På oppdrettssida er me GLOBAL GAP-sertifiserte, og fiske- og lastebåtane våre  er sertifiserte i samsvar med ILO-konvensjonen og MLC-konvensjonen. På oppdrettssida er me medlem av organisasjonen Salmon Group, som også ivaretar nasjonale myndigheitskrav og internasjonale krav. På fiskerisida er me medlem i organisasjonane Pelagisk Forening og Fiskebåt, som arbeider for å verne om havressursane og bidra til rammevilkår som legg til rette for vekst og lønnsemd gjennom berekraftig utnytting  av dei viltlevande marine ressursane Noreg rår over.

Iverksetting og oppfølging

Eidesvik Havfiske implementerer tiltak for å sikre at krava i denne policyen blir overhaldne. Dette med utgangspunkt i openheitslova og OECD sin rettleiar for ansvarleg næringsliv.

Retningslinjene skal gjerast kjende for dei tilsette og bli publiserte på nettsida vår for leverandørar og andre. Kartleggje risiko i Eidesvik Havfiske sine leverandørkjeder, for å identifisere potensiell negativ påverknad. Gjennomføre aktsemdsvurderingar. Arbeide for å hindre negativ påverknad på menneskerettar.

Gi informasjon der det blir etterspurt.

Fokusområde

Me skal unngå å verke negativt inn på andre sine menneskerettar og streve etter ei korrekt handtering av tilfelle der verksemda vår kan verke negativt inn, og på dei personane som er mest utsette for slik eventuell påverknad.

Arbeid utført av barn og unge

Hovudregelen er at barn under 15 år ikkje skal arbeide eller tilsettast. I spesielle tilfelle kan det gjerast unntak når nasjonale lover eller forskrifter tillèt det. Barn under 18 år skal ikkje utføre arbeid som set helse og tryggleik i fare.

Verdsette mangfald

Eidesvik Havfiske verdset mangfald, me har nulltoleranse for diskriminering og trakassering. Det skal ikkje skje noka form for diskriminering på arbeidsplassen basert på etnisitet, alder, religion, språk, funksjonsvariasjon, kjønn, ekteskapsstatus, seksuell orientering, fagforeiningsmedlemskap eller politisk tilhøyrsle.

Fridom til organisering

Eidesvik Havfiske respekterer dei tilsette sin rett til å organisere seg i fagforeiningar. Me skal ikkje diskriminere fagforeiningsrepresentantar eller hindre dei i å utføre fagforeiningsarbeidet sitt.

Arbeidsforhold

Eidesvik Havfiske skal legge til rette for tryggleik og helse på arbeidsplassen. Me skal overhalde alle lover, reguleringar og internasjonale krav innanfor helse og tryggleik. Me skal arbeide for å minimere risikoen for ulukker og skadar på arbeidsplassen. Det skal ikkje gå føre seg noka form for tvangsarbeid, slavearbeid, menneskehandel eller ufrivillig arbeid. All fysisk mishandling og alle truslar er forbodne. Det gjeld også seksuelt eller anna misbruk og ulike former for audmyking.

Arbeidstid

Arbeidstida skal vere i tråd med nasjonale lover og samsvare med gjeldande internasjonale konvensjonar.

Løn

Løn til dei tilsette skal vere i tråd med nasjonale minstelønsreglar eller bransjestandard, og alltid vere tilstrekkeleg til å dekke grunnleggande behov.

Personvern

Me er opptekne av å handtere personopplysningane til våre tilsette og andre på ein trygg og sikker måte, i tråd med gjeldande regelverk.

Klagesaker

Det er fritt for dei tilsette å kome med forslag, klager og synspunkt på drifta utan at dette skal ha negativ innverknad på arbeidsforholdet. Det er implementert klageprosedyrar som kan brukast ved behov.

Urettmessige fordelar eller betalingar

Eidesvik Havfiske skal ikkje gi eller ta imot ei yting som kan skape inntrykk av ei uriktig handling eller vere vanskeleg å forsvare, eller gi ei uregelmessig gåve for å oppnå ein fordel.

Kvitvasking

Me følger gjeldande lover om kvitvasking, og me inngår berre avtalar med aktørar som er involverte i lovlege forretningsaktivitetar og som er registrerte i offentlege register. Oppgjer blir gjort via bank, EHF-system eller digitale fakturaer.

Påverknad på lokalmiljø og ressursar

Eidesvik Havfiske skal ta ansvar for å beskytte lokalmiljøet og produksjonsstaden mot forureiningsskadar. Me skal ikkje omsynslaust utnytte lokale naturressursar. Vår direkte og indirekte bruk av ressursar skal ikkje bidra til å øydelegge inntektsgrunnlaget til samfunnet.

Desse retningslinjene skal vere i samsvar med lov om verksemders openheit og arbeid med grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold (openheitslova).

Retningslinjene er forankra i styret til Eidesvik Havfiske.