Om selskapet

Eidesvik Havfiske er eit familieeigd konsern på Bømlo, bygd på djup respekt for havet og eit sterkt ønske om å skape lokal vekst.

Det var fisket som i si tid la grunnlaget for drifta vår, men sidan 80-talet har me òg satsa tungt innan havbruk. I dag står selskapet støtt på desse hovudaktivitetane, samstundes som me over tid har bygd opp ein verdifull posisjon innan ulike offshoretenester.

Konsernet har i dag om lag 80 dyktige medarbeidarar, og hadde i 2025 ei omsetning på rundt 700 millionar kroner. Med tre moderne fiskefartøy, 4,5 matfiskkonsesjonar i Ryfylke, settefiskanlegg på Bømlo og medeigarskap i både bløggebåt og lakseslakteriet Hardanger Seafood, er me sterkt til stades i heile verdikjeda for ansvarleg hausting og produksjon av matressursar frå havet.